Stokken kyrkje er ei langkyrkje frå 1879 i Arendal kommune i Agder.
Kyrkja vart teikna av J.C. Reuter og oppført av byggmeister Carl D. Svendsen. Dei same teikningane vart seinare nytta ved oppføringa av Færvik kyrkje og Bjorbekk kyrkje. Kyrkja har eit tilbygg frå 1996 med sal til kyrkjelyden og ungdomslokale.
Altertvala er måla av Hedvig og Bernt Lund, og har ei nygotisk ramme av Ludvig Karlsen.
Kyrkjegarden, som vart teken i bruk året før kyrkja, er nokså kupert og dels terrassert.
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1879 Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Arendal