Midshipbreen er ein brei, flat isbre som fyller det meste av Alatna Valley og som har opphavet sitt frå fjellsidene i Mount Morrison i sør, i Convoy Range i Victoria Land. Frå 1957 vart denne ismassen rekna som ein del av Bensonbreen. I 1989-90 fann ei feltgruppe frå New Zealand Antarctic Research Program (NZARP) ut at sjølv om han ligg inntil Bensonbreen ved Jetsam Moraine, så gjev ikkje denne breen is til Bensonbreen, og vart derfor skildra som ein eigen isbre. Namnet vart godkjend av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1993 som tilrådd av New Zealand Geographic Board (NZGB).

Kjelder

Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast