1944 (romartal MCMXLIV) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen. Hendingar Den andre verdskrigen er inne i sitt femte og nest siste år.

Utlandet 27. januar – Den tyske omringinga av Leningrad vart avbroten. 18. mai – Allierte styrkar tok Monte Cassino etter hard strid. Kring 20 000 døydde. 5. juni – Allierte styrkar tok Roma. 6. juni - D-dagen, alliert invasjon i Normandie med kodenamnet Operation Overlord. 17. juni – Island erklærte seg sjølvstendig frå Danmark. 20. juli – Adolf Hitler vart utsett for eit attentatsforsøk, men overlever. 4. august - Anne Frank vart funnen av Gestapo på skjulestaden i Amsterdam. Saman med familien vart ho arrestert. 15. august – Alliert landstiging sør i Frankrike – Operation Dragoon. 24. august – Allierte styrkar gjekk inn i Paris. 8. september – London vart for fyrste gong treft av ein V-2-rakett. 7. november – Franklin D Roosevelt vart vald til president i USA for ein fjerde periode. 12. november – Det tyske slagskipet «Tirpitz» vart sterkt skadd av RAF i Noreg. 24. november – Tokyo vart bomba for fyrste gong av amerikanske fly. 16. desember – Ardenneroffensiven vert starta av tyske styrkar. Den første afrikanske representanten til lovgjevingsrådet i Kenya vart utnemnd av guvernøren i landet.

Noreg 29. februar - alvorleg togulukke på Bergensbanen nedanfor Geilo. Fleire menneske mista livet. 20. april - Det nederlandske lasteskipet Vorboode eksploderte ved Festningskaia i Bergen. Førte til bybrann og store øydeleggingar. 19. september - Bergen vart peika ut som hovudbase for tyske ubåtar. 4. oktober - Ubåtbunkeren Bruno i Laksevåg vart bomba. Hendinga førte til store sivile tap. 14. oktober - Basen Bjørn West vart oppretta i fjella ved Sognefjorden. 28. oktober - Hitler gav ordre om evakuering av Finnmark. 27. november - Skipsforlis, Riegel-katastrofen ved Sandnessjøen. 2578 døydde.

Fødde

1. mars: Roger Daltrey, britisk songar 7. april: Gerhard Schröder, tysk statsminster 8. april: Odd Nerdrum, norsk målar 25. april: Berit Berthelsen, norsk friidrettsutøvar 30. april: Jon Bing, norsk forfattar og jurist 5. mai: Ørnulf Opdahl, norsk målar Arne Risa, norsk friidrettsutøvar 6. mai: Carl I. Hagen, norsk politikar; årelang leiar i Framstegspartiet 7. juni: Kjartan Fløgstad, norsk forfattar 21. juni: Ray Davies, britisk musikar og låtskrivar 2. juli: Jon Grepstad, norsk forfattar og fotograf 14. juli: Jon Michelet, norsk forfattar 20. august: Rajiv Gandhi, indisk statsminister 14. september: Günter Netzer, tysk fotballspelar 15. oktober: Jon Anderson, britisk musikar 18. november: Unni Wikan, norsk sosialantropolog 1. desember: Arja Saijonmaa, finsk songar og politikar 10. desember: Oddgeir Bruaset, norsk journalist og filmskapar

Døde

5. januar: Kaj Munk, dansk prest og motstandsmann (myrda) 23. januar: Edvard Munch, norsk kunstmålar 1. februar: Piet Mondrian, nederlandsk kunstnar 29. februar: Pehr Svinhufvud, finsk politikar 15. april: Giovanni Gentile, italiensk politikar 5. juni: Jákup Dahl, færøyisk forfattar 16. juni: Marc Bloch, fransk historikar 20. juli: Claus Schenk von Stauffenberg, tysk oberst, hovudperson i attentatet mot Hitler (avretta)

26. juli: Riza shah Pahlavi, sjah av Iran 1925-41 28. august: Ernst Thälmann, tysk politikar (avretta) 30. august: Anders Vassbotn, norsk bonde, diktar og politikar 27. september: Sergej Prokudin-Gorskij, russisk fotopioner 14. oktober: Erwin Rommel, tysk generalfeltmarskalk (sjølvmord) 15. november: Johannes Ness, norsk målar 20. november: Gert Falch Heiberg, norsk museumsmann 13. desember: Vasilij Kandinskij, russisk målar 15. desember: Glenn Miller, amerikansk orkesterleiar, døydde i flyulukke 30. desember: Romain Rolland, fransk forfattar