Thoralf Gjesdal () var ein norsk målar, best kjend for sine fargesterke bilete i eit forenkla formspråk.

Gjesdal var frå Stavanger, der budde heile livet, bortsett frå korte avbrot. I ungdomsåra gjekk han i lære i heimbyen hos målaren Bjarne Hansen, seinare var han elev 1927/28 hos Axel Revold og i 1937 var han nokre månader hos Jean Heiberg, begge gongane på Statens Kunstakademi.

Gjesdal var innom fleire motivkrinsar i sin produksjon. Han måla både små barneportrett og store portrett meint til representasjon. I sin landskapskunst nytta han motiv frå Jæren og Ryfylke, ofte i ei tilnærma kubistisk eller lett abstrahert form. Gjesdal laga også nokre altartavler, mellom andre i Orre kyrkje.

Kjelder Norsk Allkunnebok. V. bandet. 1954 snl.no

Bakgrunnsstoff Møllergaten Atelier, Stavanger . Kunstnerportretter. Om Thoralf Gjesdal. Vitja 20. januar 2014.

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Stavanger