Scuddingbreen er ein bratt isbre, 6 km lang, som heller ned til enden av Alatna Valley frå sørsida av Mount Gunn i Convoy Range i Victoria Land. Denne bratte breen ligg ved firnområdet til Cambridgebreen og katabatiske vindar med snøfokk startar ved breen og strøymer ned Alatna Valley. Sjølv på dagar med relativt lite vind, kan ein sjå skyer av snø strøyme nedover denne breen. Han fekk dette namnet av ei feltgruppe i 1989-90 frå New Zealand Antarctic Research Program (NZARP).

Kjelder

Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast