Eastwindbreen er ein isbre som drenerer delar av sørsida av Mount Terror søraust på Ross Island. Han flyt sørvest og saman med austenden av Terrorbreen der dei to går ut i Fog Bay. I samband med at stadnamn i området vart kalla opp etter ekspedisjonsskip, vart breen kalla opp etter USCGC «Eastwind», ein isbrytar som vart utplassert i Antarktis ni gonger for å assistere forskinga der, frå U.S. Navy Operasjon Deepfreeze i 1955–56 til og med sesongen 1966–67.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Ross Dependency Kategori:Geografi på Ross Island