Gjerpen kyrkje er ei krosskyrkje i Skien kommune i Telemark.
Dette var opphavleg ei einskipa romansk langkyrkje av stein. Ho vart innvigd den 28. mai, men årstalet er ikkje stadfesta. I 1781 vart kyrkja utvida mot vest og fekk ny inngang og tårn, I 1871–73 vart ho utvida til krosskyrkje etter planar av Christian Christie og i 1919–21 ombygd etter planar av Harald Bødtker. Kyrkja vart tent på og brann innvendig i 2003. Sidan er ho sett i stand att.
Inventaret er for ein stor del laga av Emanuel Vigeland på 1920-talet og har vorte restaurert etter brannen.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja og på vestsida av Siljanvegen. Det finst òg eit gravkapell.
Kjelder Skien kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Gjerpen kirke 850 år
Rikasantikvaren om brannen i 2003
Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Skien Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Telemark