Sverre Magnus () er prins av Noreg og det yngste barnet til kong Haakon Magnus av Noreg og dronning Mette-Marit av Noreg. Han er det andre barnet til kongeparet og det tredje til dronninga.
Sverre Magnus er nummer to i rekkja over arvingar til den norske trona, etter faren sin og systera kronprinsesse Ingrid Alexandra av Noreg. Han er nummer 75 i rekkja over arvingar til den britiske trona, etter far sin, men før systera kronprinsesse Ingrid Alexandra av Noreg.
Prins Sverre Magnus har ikkje tittelen Den Høgvørde Prinsen. Fødselsdagen til prinsen blir ikkje offisiell flaggdag, og det skal heller ikkje salutterast frå anlegga til Forsvaret ved framtidige fødselsdagar.
Livet Sverre Magnus blei fødd på Rikshospitalet i Oslo klokka 10.45 laurdag 3. desember 2005. Han var 52 centimeter lang og vog 3944 gram. Namnet blei offentleggjort av kongen og kronprinsen i ekstraordinært statsråd på Slottet måndag 5. desember 2005 klokka 09.00. Statsminister Jens Stoltenberg meldte namnet til pressa som var samla utanfor Slottet rett etter avslutta statsråd.
Han blei døypt 4. mars 2006 i Slottskapellet. Han blei boren til dåpen av farmora si, dronning Sonja. Dei andre fadderane var Espen Høiby, dronning Máxima av Nederland, kronprins Pavlos av Hellas, prinsesse Rosario av Bulgaria, Bjørn Steinsland og Marianne Gjellestad.
Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold Titlar og tiltaleformer
3. desember 2005–i dag: Prins Sverre Magnus av Noreg
Dekorasjonar Kong Harald Vs jubileumsmedalje 1991–2016Tildeling av Kong Harald Vs jubileumsmedalje 1991–2016, Kongehuset
Storkors av St. Olavs Orden
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Offisielle pressebilde
Kategori:Norske prinsar Kategori:Kongelege frå Oslo Kategori:Huset Glücksburg
de:Haakon von Norwegen#Kinder