mini|Røldal skisenter Røldal skisenter er eit skisenter som ligg i Håradalen i Ullensvang i Vestland. Anlegget har 6 skiheisar, 12 nedfartar og ein terrengpark. Det høgste trekket ligg på 1284 moh., med utsyn over Røldalsvatnet og fjellheimen omkring.

Røldal skisenter vart opna i 1977. Familien Bratteteig tok over anlegget i 1992 og stod for utviklinga fram til 2007. I dag er eigarar av anlegget Håradalen Utvikling og Otium.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Idrettsanlegg i Vestland Kategori:Ullensvang kommune Kategori:Skipingar i 1977 Kategori:Skisenter i Noreg