Erna Solberg () er ein norsk politikar og tidlegare partileiar for Høgre. Ho var statsminister i Noreg frå 2013 til 2021. Solberg har vore vald inn på Stortinget frå Hordaland sidan 1989. I 2005 vart ho òg parlamentarisk leiar. Solberg var leiar i Høgrekvinner sitt Landsforbund 1993–1994, kvinnepolitisk leiar i Høgre 1994–1998, kommunal- og regionalminister 2001–2005 og første nestleiar i Høgre 2002–2004.
Den 12. september 2025 varsla Solberg sin avgang som partileiar i Høgre. Ho gjekk av ved landsmøtet i midten av februar 2026 etter å ha vore partileiar i 22 år: 2004–2026.
Liv og virke Bakgrunn Erna Solberg vart fødd i Arna, som den gong var ein del av Haus kommune, i 1961 som dotter av konsulent Asbjørn Solberg (1925–1989) og kontorfullmektig Inger Wenche Torgersen (1926–). Faren var tilsett i Bergen Sporvei, og Erna Solberg voks opp som den mellomste av tre søstrer. Ho var først elev ved Nygård skule. Med dysleksi var ikkje skulegangen utan vanskar, men ho fekk først påvist diagnosen som 16-åring, og naut godt av sterke muntlege evner. På fritida var ho skulemusikant og aktiv speidar i KFUK, og tok pianotimar.
Solberg har studiekompetanse frå Langhaugen vidaregåande skule frå 1979. Ho er utdanna cand. mag. med mellomfag i sosiologi, mellomfag i samanliknande politikk, kurs i statistikk, mellomfag i sosialøkonomi og hovudfagskurs i statsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 1986. Ho har òg deleksamen frå hovudfag i sosialøkonomi frå same universitet frå 1988.
Erna Solberg har vore gift med siviløkonom Sindre Finnes (1964–) sidan 1996, som tidlegare har vore både tilsett og tillitsvald i Høgre, og saman har dei to born. For sitt bidrag i heimen vart Finnes kåra til «Årets mann» av Høgres Kvinneforum i 2002. Familien har vore busett både i Rådal i Bergen og i Oslo.
Karriere Lokalpolitikar Allereie som gymnasiast tok ho på seg verv som medlem av arbeidsutvalet i Bergens Unge Høgre 1978–1979, leiar for Operasjon Dagsverk i 1979, medlem av sentralstyret i Norges Gymnasiastsamband 1979–1980 og elevrepresentant i Rådet for vidaregåande opplæring 1979–1980. Solberg var seinare lønna sekretær i Operasjon Dagsverk 1983–1985.
I studietida hadde Solberg ei rekkje tillitsverv som varamedlem av Bergen bystyre 1980–1983, medlem av Bergen skulestyre 1980–1983, formann i Bergen Unge Høgre 1980–1982, nestformann i Hordaland Unge Høgre 1980–1981, formann i Bergen Konservative Studenterforening 1985–1986, formann 1985–1987 og nestformann 1987–1989 i Sandviken Høgre, medlem av arbeidsutvalet i Bergen Høgre 1986–1988 og valkampleiar i Bergen Høgre framom bystyrevalet i 1987. Etter valet tok ho sete som medlem av bystyret og varamedlem av formannskapet fram til 1989, da ho vart friteken frå verva.
Stortingsrepresentant Som kommunal- og regionalminister arbeidde ho særleg for eit styrkt velferdstilbod innanfor ei ramme av færre og sterkare kommunar, i tillegg til regionalt samarbeid på tvers av fylkeskommunane. Ho reformerte òg den norske asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken, og etablerte ein fungerande praksis for rask behandling av asylsøknader utan grunnlag. Sidan ho tiltredde som partileiar i 2004, har Solberg særleg vektlagt den sosiale delen av – og det verdimessige grunnlaget for – Høgre sin politikk. Partiet har òg teke ei meir utprega pragmatisk retning.
Etter stortingsvalet i 2009 steig oppslutninga rundt Høgre som parti og Solberg som statsministerkandidat mykje på meiningsmålingane. Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart Høgre sitt beste sidan 1979. Framom stortingsvalet i 2013 var det eit uttalt mål for Høgre å danne ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre med Solberg som statsminister. Resultatet vart ei regjering med Frp og Høgre som hadde ein avtale med Venstre og Krf i Stortinget.http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/smk/Nyheter-og-pressemeldinger/pressemeldinger/2013/erna-solbergs-regjering-utnevnt.html?id=742867 Etter Stortingsvalet 2017 hadde Solberg framleis det parlamentariske grunnlaget for regjeringa si, og Venstre vart del av regjeringa i byrjinga av 2017. Hausten 2018 vedtok Kristeleg Folkeparti å forhandle om å gå inn i regjeringa dei med.
Skandalar Hausten 2023 vekte ektefellen hennar, Sindre Finnes, åtgaum etter at det vart kjent at han hadde utført 3 643 aksjetransaksjonar medan Solberg var statsminister; dette medførte at Solberg var inhabil i somme saker medan ho var statsminister. Sentralstyret til Høgre har uttrykt sin tillit til Erna Solberg.
Utmerkingar I 2005 vart Solberg utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regjeringa Solberg Kategori:Norske statsministrar Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Leiarar for Høgre Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Bergen