Havola Escarpment er ein isolert, snødekt skrent kring 55 km nordvest for Thiel Mountains i Antarktis. Skrenten er bogeforma, 30 nautiske mil lang, og vender sørover. Han vart observert og kartlagt av gruppa frå US Antarctic Research Program som kryssa Horlick Mountains, 1958–59 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter major Antero Havola i US Army, som var leiaren for den 700 nautisk mil lange traktorreisa frå Byrd-stasjonen til Amundsen-Scott-stasjonen frå 8. desember 1960 til 11. januar i 1961. Den 25. desember 1960 passerte Havola-gruppa nokre kilometer nord for denne skrenten.
Kjelder
Kategori:Skrentar i Antarktis Kategori:Geografi i Ellsworth Land