Kendall Rocks er ei gruppe søyleforma klipper, som ligg 6 km nord for Tower Island i Antarktiske Arkipel. Namnet Kendall Group ligg nordvest for denne posisjonen på eit kart basert på arbeidet til ein britisk ekspedisjon under offiser Henry Foster i Royal Navy, 1828–31, men seinare fann ein ikkje øyar der. Namnet Kendall Rocks vart så overført til desse søylene som vart oppdaga i 1838 av ein fransk ekspedisjon under kaptein Jules Dumont d'Urville. Han er kalla opp etter løytnant E.N. Kendall på ekspedisjonsskipet til Foster, «Chanticleer».
Kjelder
Kategori:Klippeformasjonar i Antarktiske Arkipel