thumb|left|200px|Kyrkja på første halvdel av 1900-talet Øyestad kyrkje eller Øyestad gamle kyrkje er ei langkyrkje på Rykene i Arendal kommune i Agder.
Kyrkjar vart truleg oppført omkring år 1200 og var i si tid hovudkyrkje for eit prestegjeld som var så stort at det var kjent som Kristiansands lille bispestol. På slutten av 1800-talet vart kyrkja avløyst av Bjorbekk kyrkje, som i byrjinga tok over Øyestad-namnet, slik at gamlekyrkja vart Øyestad gamle kyrkje.
Etter ein brann den 18. mai 1900 stod berre murveggane att. Deretter vart kyrkja gjenreist etter planar av arkitekt Jørgen Berner og innvigd i 1902. Korpartiet vart endra i 1962–63 etter planar av Finn Krafft, og i 2006–08 vart kyrkja restaurert utvendig pga. problem med mørtelen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Aust-Agder fylkeskommune Agderkultur
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Arendal Kategori:Valkyrkjer i 1814