Jan Egil Storholt () er ein tidlegare norsk skøyteløpar.
Storholt blei fødd i Trondheim, men voks opp i Bjørnli på Løkken Verk. Han høyrde til verdseliten på 1970-talet, og var ein av «de 4 S-ane» (dei andre var Sten Stensen, Amund Sjøbrend og Kay Stenshjemmet). Han vann gull på 1500-meter i OL i Innsbruck, og blei europamester i 1977 og 1979 (sølv 1980, bronse 1976 og 1978). Tre år på rad (1977, 1978 og 1979) kom han på sølvplass i VM, berre slått av Eric Heiden. I sin siste sesong (1981) tok han VM-bronse.
Storholt sette verdsrekord på 1500 meter og samanlagt (stor firkamp) i 1977. Storholt tok i alt åtte distansesigrar ved internasjonale meisterskap.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Meldal Kategori:Folk frå Trondheim