upright|mini|Jørgen Rosenkrantz måla i 1640. Jørgen er eit mannsnamn av gresk opphav.

Avleiing Namnet stammar frå greske Geôrgios (Γεώργιος), eit mannsnamn sett saman av geô (jord) og ergo (å arbeida). Det tyder altså 'jordbrukar' eller 'bonde'. Namneforma Jørgen har lågtysk opphav, og har vore mykje brukt i Danmark og Noreg. På norsk har ho og vore forveksla med Jørund. Andre nordiske former av namnet er Ørjan og Georg. Namnet har òg kvinnelege utgåver, der det som tilsvarar Jørgen er Jørgine.

Bruk I 2010 var det 10 898 menn som heitte Jørgen i Noreg. Etter ein nedgang i bruken i løpet av 1900-talet, steig han igjen frå rundt 1970, til ein topp på over 1,0 % rundt 1990.

mini|upright|Den heilage Jørgen, her kalla Geiorgie, drep draken. Måleri frå ei rumensk kyrkje.

Kulturell tyding

Heilage Jørgen, drakedreparen som òg er kjend som sankt Georg, var ein viktig kristen helgen, og gjorde sitt til at det audmjuke namnet spreidde seg i Europa og vidare. Det finst no i forskjellige former i dei fleste europeiske språka.

Jørgen hattemakar er eit omgrep som vert brukt for å symbolisera «vanlege» folk, då ofte samanlikna med kong Salomo, som symboliserer storfolk, rikfolk og liknande.

Utanlandske variantar

Engelsk: George Fransk: Georges Gresk: Geôrgios (Γεώργιος) Italiensk: Giorgio Katalansk: Jordi Litauisk: Jurgis Russisk: Georgij (Георгий) Spansk: Jorge Svensk: Göran Tysk: Georg, Jörg, Jürgen Ungarsk: György

Kjende namneberarar Jørgen Herman Vogt (1784–1862), norsk jurist og statsminister Jørgen Moe (1813–1882), norsk biskop, forfattar og eventyrsamlar Jørgen Løvland (1848–1922), norsk politikar Jørgen Reitan (1871–1944), norsk skolemann og språkforskar Jørgen Tjønnstaul (1894–1985), norsk spelemann Jørgen-Frantz Jacobsen (1900–1938), færøysk forfattar Jørgen Husemoen (1905–1976), norsk spelemann Jørgen Leth (f. 1937), dansk forfattar Jørgen Kosmo (f. 1947), norsk politikar Jørgen Norheim (f. 1952), norsk forfattar og historikar Jørgen Rostrup (f. 1978), norsk idrettsutøvar

Kjelder

Kategori:Mannsnamn Kategori:Namn knytte til yrke Kategori:Namn knytte til kristendommen Kategori:Førenamn av gresk opphav