mini|Gapøyholman i midnattssol Gapøyholman er ei øygruppe som ligg ytst i Kvæfjorden, i Kvæfjord kommune i Troms. Dei små holmane ligg utanfor Gapøya.
Den største av Gapøyholman er Storholmen, som er ca. 1 km lang. Aust for Storholmen ligg mange små holmar, Småholman.
Naturreservat
Gapøyholman er verna med status som naturreservat på grunn av det rike fuglelivet og bestanden av steinkobbe der. Holmane har også eit særeige planteliv. Det er forbode å ferdast på land der mellom 1. mai og 15. juli. Naturreservatet har nasjonalt lokalitetsnummer 191110026.
Bakgrunnsstoff Forskrift om Verneplan for kystregionen i Troms fylke, vedlegg 34, Gapøyholman naturreservat, Kvæfjord kommune, Troms. Lovadata.no
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gapøyholman» frå , den 3. februar 2014.
Maritimt dyre- og fugleliv , bbtouring.no
Kategori:Verneområde i Troms Kategori:Øyar i Kvæfjord