Sigurd Røen () var ein norsk skirennar frå Rindal i Møre og Romsdal. Han deltok i både langrenn og kombinert og vart i 1937 verdsmeister både i kombinert-øvinga og i 4x10 km stafett med Noreg.
Røen representerte den lokale Sportsklubben Troll. Under ski-VM 1937 i Chamonix vann han gullmedaljen i kombinert, med god margin til landsmannen Rolf Kaarby som sørgde for norsk dobbeltsiger. Seks dagar etter kombinertgullet gjekk Røen tredjeetappen for det norske laget som vann gull på 4x10 km stafett, knapt eit minutt framom Finland på sølvplass. På stafettlaget gjekk han saman med Annar Ryen, Oskar Fredriksen og Lars Bergendahl.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sigurd Røen» frå , den 6. februar 2014.
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Rindal