Simen Agdestein ( i Asker) er ein norsk stormeister i sjakk og tidlegare fotballspelar.

Han vart for fyrste gong Noregsmeister i sjakk i seniorklassen i 1982, som 15-åring, som den yngste gjennom tidene.Brekke, s. 106 Ikkje ein gong Magnus Carlsen klarte å slå denne rekorden.

Simen Agdestein vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1983, og vart så i 1985 utnemnd til internasjonal stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE.Brekke, s. 95 Han var den første frå Noreg som klarte å bli stormeister i sjakk. Sidan den gongen har han vore rekna som den beste sjakkspelaren i Noreg, fram til Magnus Carlsen braut gjennom.

Sjakkarriere Simen Agdestein har blitt noregsmeister i sjakk heile 9 gongar, i 1982, 1986, 1988, 1989, 2000, 2002, 2005, 2022 og 2023, og har dermed ei rekke med kongepokalar. Berre Berge Østenstad har nesten like mange, med 8 NM-sigrar. Med tittelen i 2023 vart Simen Agdestein også den eldste noregsmeisteren i sjakk, i ein alder av 56 år.

Simen Agdestein har mange sterke resultat i sjakkturneringar. Blant desse er dei tre sigrane i Nordisk meisterskap i sjakk på Gjøvik i 1985Brekke s. 88-89 og 118, og deretter i 1989 og 1992, og andreplassen i junior-VM på Gausdal i 1986.Brekke s. 89

Simen Agdestein har spelt heile 8 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1982-1984, 1988-1990, 1996 og 2004, 2006 og 2008. I den første, som 15-åring i 1982, spelte han på 4. bord. I dei 4 neste spelte han på 1. bord, før han i dei tre siste spelte på 2. bord med Magnus Carlsen på 1. bord. I desse 8 turneringane spelte han til saman 76 parti, og skåra 45,5 poeng etter 31 sigrar, 29 remisar og 16 tap, 59,9 %. I 1982 fekk Agdestein 1. premie for beste resultat på 4. bord, etter å ha tatt 9 poeng på 12 parti, 8 sigrar, 2 remis og 2 tap, 75,0 %.Olimpbase

Simen Agdestein var president i Norges Sjakkforbund i perioden 4. juli 2021 til 10. juli 2022. Simen Agdestein vart æresmedlem i Norges Sjakkforbund på Norges Sjakkforbund sin kongress 8. juli 1989.https://www.sjakk.no/forbund/hedersbevisninger

Agdestein skriv sjakkspalta i VG.

Fotballkarriere Agdestein var òg ein dyktig fotballspelar. Han spelte for Lyn, og fekk åtte A-landskampar for Noreg før ein kneskade tvinga han til å leggje opp.

Anna Simen Agdestein er utdanna som samfunnsvitar. Han tok initiativet til sjakklina på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum, og har vore sjakklærar der sidan starten. Mellom andre stormeistrane Magnus Carlsen og Jon Ludvig Hammer har vore elevar ved sjakklina på NTG.

Simen Agdestein er yngre bror til den sterke FIDE-meisteren i sjakk Espen Agdestein, mest kjend som manager for Magnus Carlsen.

Simen Agdestein har vore gift med Marianne Aasen, som mellom anna har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 2005-2017.

Simen Agdestein har deltatt i det populære programmet Skal vi danse på TV.

Atle Grønn gav hausten 2023 ut ein biografi om Simen Agdestein, om Simen sitt tidlege liv og karriere som sjakkspelar og fotballspelar: Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid.

Kjelder Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Simen Agdestein sine beste parti på www.chessgames.com Simen Agdestein sine sjakkparti i Noreg hos NorBase Omtale av Simen Agdestein på stormeister Rune Djurhuus sine sjakksider Simen Agdestein sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Bøker Knut Jøran Helmers: Sjakkleksjoner med Simen Agdestein, 1987, ISBN 82-496-0064-9 Simen Agdestein:Simens sjakkbok, Gyldendal 1987, ISBN 82-05-25146-0 Simen Agdestein: Sjakkvidunder: Hvordan Magnus Carlsen ble verdens yngste stormester, Kom forlag, 2005, ISBN 82-92496-21-1 Atle Grønn: Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid. Cappelen Damm 2023, ISBN 978-82-02-80339-1

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Nordiske meistrar i sjakk Kategori:Folk frå Asker Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Kongepokalvinnarar Kategori:Presidentar i Norges Sjakkforbund Kategori:Æresmedlemmar i Norges Sjakkforbund