Balderformasjonen er ei lagrekkje av leire, silt og sand med turbiditter, som vart avsett i nordlege Nordsjøen i tidleg tertiærtida.

Balderformasjonen utgjer reservoarbergarten i Balderfeltet. Gjennom paleocen og eocen, ein periode på meir enn 25 millionar år, vart det danna delta langs kanten av Nordsjøen og djuphavsvifter utanfor. Balderformasjonen representerer djuphavsavsetningane.

Kjelder Askheim, Svein. (12. september 2009). Balderformasjonen. I Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014 frå http://snl.no/Balderformasjonen.

Kategori:Geologi i Nordsjøen Kategori:Norsk geologi