Petra Schaaf (), seinare Petre Behle, er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Offenbach am Main. Ho vann fire individuelle VM-gull og seks gullmedaljar i stafett- og lagtevlingar med Tyskland i perioden mellom 1988 og 1998. Ho tevla for Vest-Tyskland fram til 1990, frå 1991 for eit samla Tyskland. Frå 1994 til 1999 var ho gift med den tyske langrennaren Jochen Behle.
Karriere Schaaf vart verdsmeister allereie då ho var 19 år gammal. I sin fyrste verdsmeisterskap skaut ho feilfritt og slo sølvvinnaren Eva Korpela frå Sverige med vel 14 sekundar på 5 km sprint i Chamonix i 1988. Året etter skaut ho på seg to tilleggsminuttar på 15 km normalprogram i Feistritz, men vann likevel VM-gullet, ei 20 sekundar føre norske Anne Elvebakk som måtte tole tre tilleggsminuttar. I 1990 fekk Schaaf bronsen i VM i Minsk, slått av to kvinner frå Sovjetunionen.
Med 20 fulltreffarar sikra Schaaf seg ein suveren gullmedalje på 15 km under skiskytings-VM i 1991. Under vinterleikane i Albertville kom ho på sjetteplass på 7,5 km sprint og fekk si fyrste stafettmedalje, ein sølvmedalje på 3 x 5 km stafett. Schaaf gjekk her i lag med to tidlegare austtyske løparar, og kom dei neste sesongane til å erobre mange meistertitlar på stafettlag dominert av utøvarar frå det oppløyste Aust-Tyskland. Men då ho vann sin fyrste VM-tittel i lagtevlinga i VM 1992 i Novosibirsk, var tre av dei fire gullvinnarane frå Vest-Tyskland.
Schaaf vann sin fjerde og siste individuelle VM-tittel i 1993. I Borovets stod sigeren på 15 km mellom henne og kanadiske Myriam Bédard. Begge skaut ein bom, men Schaaf gjekk knapt 15 sekundar snøggare i løypa og vart verdsmeister. Sidan lukkast ho ikkje særleg i dei individuelle tevlingane i dei store meisterskapane. Derimot vann ho heile fem gullmedaljar med Tyskland, fire i 4 x 6 km stafett og ein i lagtevlinga, gjennom dei siste fire seongane ho var aktiv; 1995–1998.
Schaaf gjekk til topps i heile 20 renn i verdscupen i skiskyting. Ho makta likevel ikkje å vinne verdscupen; i sine beste sesongar, 1992 og 1996, kom ho på tredjeplass i verdscupen i skiskyting.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1988 i Chamonix: Gullmedalje på 5 km VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Gullmedalje på 15 km VM i skiskyting 1990 i Minsk: Bronsemedalje på 15 km VM i skiskyting 1991 i Lahti: Gullmedalje på 15 km Vinter-OL 1992 i Albertville: Sølvmedalje på stafetten VM i skiskyting 1992 i Novosibirsk: Gullmedalje i lagtevlinga VM i skiskyting 1993 Borovets: Gullmedalje på 15 km Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Sølvmedalje på stafetten, nr 5 på 7,5 km sprint VM i skiskyting 1995 i Antholz: Gullmedalje på stafetten VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Gullmedaljar i lagtevlinga og på stafetten VM i skiskyting 1997 i Osrblie: Gullmedalje på stafetten Vinter-OL 1998 i Nagano: Gullmedalje på stafetten
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1987 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1988 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1989 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1990 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1992 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998