Nykøbing Mors er ein by og tidlegare kjøpstad på øya Mors i Limfjorden i Danmark. Med innbyggjarar i 2013 er han den største byen på øya. Nykøbing Mors er administrasjonssenter i Morsø kommune og høyrer til Region Nordjylland.
Byen er omtala første gong i 1299 som Nova Civitas og kjøpstadsrettane er rekna frå dette året.Danmarks Stednavne søk i databasen på Nykøbing (Vitja 12. februar 2014)Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 36, ISBN 87-567-6203-8 I Nykøbing ligg bygningane frå det tidlegare Dueholm kloster, eit johanitterkloster byen oppstod kring. Dei nyttast no av Morslands Historiske Museum.
I Nykøbing Mors har levevegen vore fiske etter østers, skipsfart og seinare industri med mellom anna eit jarnstøperi.
Forfattaren Aksel Sandemose vart fødd i Nykøbing Mors og byen er inspirasjonsstad for Janteloven. Det er satt opp ei minneplate på huset han vaks opp i.
Kjelder
Kategori:Byar i Region Nordjylland Kategori:Morsø kommune