Arvid Parly Kleven () var ein norsk komponist og fløytist. Andersen, Rune J.. (2013, 9. mai). Arvid Parly Kleven. I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/Arvid_Parly_Kleven. Kleven var påverka av impresjonismen og ekspresjonismen, men av di han døydde ung og dei nye tonane hans møtte sterk motstand i Noreg i samtida, har han i stor grad vorte gløymd av ettertida.

Biografi

Far hans døydde før han vart fødd, og mor hans emigrerte til USA utan å ta med seg den 4-5 år gamle sonen. Arvid voks opp hjå besteforeldre i Trondheim. Det vakna tidleg ei interesse for fløytespel hjå guten, og han framførte til og med eigne fløytekomposisjonar med gutekorpset i Trondheim. Dette resulterte i at han vann eit legat for vidare musikkstudiar i Oslo etter enda grunnutdanning i heimbyen.

19 år gamal kom Arvid Kleven som fløytist til Nationaltheatrets orkester i Oslo, men frå og med 1919 spela han fast i Filharmonisk Selskaps Orkester. Kleven studerte fløyte under Axel Andersen og teori under Gustav Lange. Han hadde lite utdanning innan komposisjon, men hadde nokre kortare studieopphald i Paris og Berlin. Han var influert av både impresjonismen og ekspresjonismen i musikken sin, og braut gjennom med orkesterverket Lotusland (1922), skrive i Paris. Han var ein dyktig arrangør, og hans neste orkesterverk, Skogens søvn frå 1923, fekk representera Noreg under den nordiske musikkfesten i Stockholm i 1927.

Då Klevens Symfonisk fantasi vart urframført av det filharmoniske selskap i Oslo i 1926, vart verket regelrett slakta av tilhøyrarane. Norsk musikkliv var enno i stor grad prega av tradisjonen etter Edvard Grieg og Johan Svendsen, og sjølv om impresjonisme/ekspresjonisme ikkje var flunkande nye kunstretningar på kontinentet, slo det ikkje gjennom i gamlelandet. David Monrad Johansen skreiv i ettertid at komponisten burde gå «den musikalske rekruttskole» for å læra seg «visse uforgjængelige love, som det ikke gaar an ustraffet at trodse». Hans siste orkesterverk, Sinfonia libera vart skrive 1926-1927.

Etter at Arvid Kleven døydde av giktfeber i 1929, vart korkje Symfonisk fantasi eller Sinfonia libera framført fleire gonger. Lotusland vart hans mest kjende verk, og vart stundom framført. Også i etterkrigstida, då modernismen slo gjennom i norsk musikk, var Klevens musikk gløymt. Ikkje før etter tusenårsskiftet, då komponisten Robert Rønnes hadde restaurert komposisjonane hans, vart det blåse liv i musikken hans på ny. Sinfonia libera vart framført av Stavanger symfoniorkester den 26. mai 2006. Dette var fyrste framføring av verket sidan komponisten gjekk bort. Eit anna verk av Kleven, Poeme for obo og piano (1922) vart urframført av oboisten Linda Lien ved Norges Musikkhøgskole i 2007, ved hjelp av arbeidet til Rønnes.

Verk 1917: Vikingtog, marsj for piano 1920: Dæmring for solo piano 1920: Vandliljer jeg et tjern 1920: Poema for Cello og Piano 1921: Appassionato for solo piano 1922: Poeme for Lisenser og Piano 1922: Til historiske bilder for piano 1922: Lotusland for orkester 1922: Å Aquareller for orkester Clair De Lune Regnbueøen 1922: Valse Mignonne for kammerorkester 1922: Canzonetta for Fiolin og Piano 1923: Skogens Søvn for orkester 1923: Der Wald Sove for orkester 1924: Sonate 1 for Fiolin og Piano 1925: Fiolinsonate 1925: 3 Sange for Sopran og Piano 1925: Piano Trio for fiolin, cello og piano eller to fagott og piano 1926: Symfonisk Fantasi 1926: 3 Sange for Sopran og Piano 1927: Sinfonia Libera I Grunn Parte 1928: Les Preludier, zwei Präludien for piano

Diskografi Lotusland: Symphonic works by Arvid Kleven Stavanger Symphony Orchestra, Susanna Mälkki 2010 BIS-CD-1542

Kjelder

Mic.no, 23.05.05: Et eget århundre: Arvid Klevens Symfonisk Fantasi op. 15. Av Øyvin Dybsand. Vitja 13.02.14

Fotnotar

Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske fløytistar Kategori:Norske komponistar Kategori:Impresjonistiske komponistar Kategori:Ekspresjonistiske komponistar