Tina Turner () var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar.
Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann». Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue. Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love», «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og «Nutbush City Limits» (1973), ein song ho skreiv sjølv. I sjølvbiografien sin I, Tina, avslørte ho at ho fleire gonger var blitt mishandla av Ike Turner før dei gjekk frå kvarandre i 1976 og til slutt skilde seg i 1978.
Etter skilsmissa frå Ike Turner, bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkje hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 av det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, vart seinare nytta som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. I tillegg til musikkarrieren hennar, spelte Turner òg i fleire filmar, mellom anna ei rolle i 1975 i rockemusikalen Tommy og ei rolle i Mel Gibson-filmen Mad Max Beyond Thunderdome i 1985. I tillegg hadde ho ei rolle i filmen Last Action Hero.
Turner var ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda, og fekk kallenamnet «The Queen of Rock n Roll».«Tina Turner Covers Vogue Tyskland" Billboard Magazine Ho er blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten, vann åtte Grammy-prisar og selde feire konsertbillettar enn nokon annan artist i historia. Det samla album- og singelsalet hennar er kring 100 millionar kopiar verda over. Ho var kjend for å vere energisk på scenen, den kraftige vokalen hennar og den langvarige karrieren. I 2008 kom Turner attende etter ei delvis pensjonering og la ut på Tina!: 50th Anniversary Tour. Denne turneen vart ein av dei bestseljande turneane i 2008–2009. Rolling Stone rangerte ho på 63. plass på lista si over dei 100 beste artistane gjennom tidene.«100 Greatest Artists of All Time" Rolling Stone I 1991 vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Tidleg liv Turner vart fødd Anna Mae Bullock den 26. november 1939 i Nutbush, eit utanforliggande område i Haywood County i Tennessee. Foreldra hennar var Zelma Priscilla (fødd Currie) og Floyd Richard Bullock. Anna var fødd i Poindexter Farm ved Highway 180, der far hennar arbeidde som formann for forpaktarane. Ho er av afroamerikansk opphav med kring 33 % europeisk ætt. Då ho var med i PBS-dokumentaren African American Lives 2, synte resultat av blodprøvar at ho har 1 % indianar-ætt.
Ho har ei eldre syster, Ruby Aillene. Som barn vart Anna Mae og Aillene skilde frå kvarandre då foreldra flytta til Knoxville i Tennessee for å arbeidde ved eit forsvarsanlegg under andre verdskrigen. Anna flytta då til dei strengt religiøse besteforeldrene på farssida, Alex og Roxanna Bullock, som var diakon og diakonisse ved Woodlawn Missionary Baptist Church. Etter krigen kom systrene saman att då ho flytta til foreldra i Knoxville. To år seinare kom familien attende til Nutbush og budde i Flagg Grove, der Anna gjekk på Flagg Grove Elementary School frå første til åttande klasse. I 1889 hadde grand-grandonkelen hennar seld eigedomen som skulen låg på.
Som barn song Anna i kyrkjekoret ved Nutbush's Spring Hill Baptist Church. Då ho var 11 år stakk mora brått av etter å ha levd i mange år med Floyd Bullock, som mishandla ho. Zelma flytta til St. Louis for å bu med syster si. Då Anna var 13 gifta faren seg med ei anna kvinne, og flytta til Detroit. Ho og systera vart sende til bestemora Georgeanna i Brownsville. Ho skreiv seinare i memoarane sine I, Tina at ho ikkje følte seg ønska av mora, og at mora hadde planlagt å forlate faren då ho var gravid. Før ho var i tenåra arbeidde Anna Mae som hushjelp for familien Henderson.
I følgje ho sjølv, var ho ei gutejente og var både med i ein heiagjeng og det basketballlaget ved Carver High School i Brownsville. Då ho var 16, døydde brått bestemora. Etter gravferda budde Anna i lag med mora si i St. Louis i Missouri, der systera òg budde. Der gjekk ho på Sumner High School fram til 1958. Då ho var ferdig arbeidde ho som pleieassistent ved Barnes-Jewish Hospital, og drøymde om å bli sjukepleiar.
Ike & Tina Turner
Opphav mini|Turner i lag med Ike Turner i Hamburg i Tyskland i 1972. Anna og syster hennar byrja å gå på nattklubbar i St. Louis og East St. Louis på denne tida. På Club Manhattan, ein nattklubb i East St. Louis, såg ho for første gongen Ike Turner og bandet hans, the Kings of Rhythm, spele. Anna likte så godt musikken og Ike at musikken «sette ho i transe». Anna følte trong til å syngje med han på scenen, trass i at få kvinner hadde sunge i lag med han tidlegare. Ein kveld fekk den då 18 år gamle Anna ein mikrofon av trommeslagaren i Kings of Rhythm, Gene Washington, under ein pause. Då han høyrte ho syngje spurte Ike om ho kunne fleire songar, og ho fekk lov å syngje den kvelden, og vart fast gjestevokalist frå den tid. Ike lærte ho så stemmekontroll og korleis ho skulle te seg på scenen. Den første studioinnspelinga hennar var i 1958, då ho song korvokal, med namnet «Little Ann», på Ike Turner-songen «Box Top», i lag med songaren Carlson Oliver.
I 1960 skreiv Ike R&B-songen «A Fool in Love», opphavleg for Kings of Rhythm-vokalisten Art Lassiter. Lassiter møtte ikkje opp i platestudioet for innspelinga, og Anna fekk etter kvart lov å syngje songen etter ho hadde bede Ike. Ike gjekk med på å bruke stemma hennar som ein «demo», og meinte å fjerne vokalen hennar og legge på vokalen til Lassiter seinare. Sjølv om somme meinte at demoen med Anna var med for «lys stemme» og «skrikande», vart songen spelt på radio i St. Louis. Den lokale St. Louis-DJen Dave Dixon overtydde Ike om å sende lydbandet til Juggy Murray, direktøren i Sue Records. Då Murray hørte songen vart han imponert over stemma til Anna, og sa seinare at vokalen hennar «høyrtes ut som skrikande skit... det var ein funky lyd.» Murray kjøpte songen og betalte Ike eit forskot på 25 000 dollar for innspeling- og forlagsrettar. Murray overtydde Turner om å gjere Anna til «stjerna i showet». Det var på denne tida at Ike Turner gav Anna Mae Bullock namnet «Tina», fordi det rima med ein rollefigur frå fjernsynet, Sheena. Det er òg blitt sagt at ho fekk nytt namn for at ho ikkje skulle stikke av og byrje på eiga hand. Ike Turner følte at om Anna Mae Bullock drog sin veg, så kunne han erstatte ho med ein annan songar og kalle ho Tina. Ike sa seinare òg at han gav ho nytt namn for at ikkje dei tidlegare kjærastane hennar skulle ta kontakt med ho.
Tidleg suksess «A Fool in Love» kom ut i juli 1960 og vart raskt ein hit, som nådde andreplassen på Hot R&B Sides-lista og 27. plassen på Billboard Hot 100 i oktober. Kurt Loder skildra songen som «den svartaste plata som gjekk inn på den kvite poplista sidan Ray Charles sin gospelaktige 'What'd I Say' sommaren før». Ein ny hit, «It's Gonna Work Out Fine» (1961), nådde topp 20 og gav duoen ein nominasjon til Grammyprisen for beste rock and roll-song. Andre kjende singlar som duoen gav ut på Sue Records var «I Idolize You», «Poor Fool» og «Tra-La-La-La». I 1964 gjekk Ike & Tina over til Kent Records, og gav ut singelen «I Can't Believe What You Say». Året etter fekk dei kontrakt med Loma Records, ei underavdeling av Warner Bros. Records, driven av Bob Krasnow, som hadde blitt manageren deira kort tid etter dei slutta i Sue Records. Mellom 1964 og 1969 signerte Ike & Tina meir enn ti platekontraktar.
Duoen klarte å halde seg populære gjennom lange turnear over heile USA, og spelte 90 dagar på rad kring i landet. I tida på chitlin' circuit bygde Ike and Tina Turner Revue eit rykte som er blitt kalla «eit av dei hottaste, mest varige og potensielt mest eksplosive av alle R&B-band», og konkurrerte med James Brown Show når det kom til sceneshow. Konsertane, som var organiserte av Ike Turner, gav dei økonomisk suksess. Mellom 1963 og 1966 turnerte bandet konstant utan å ha ein hitsingel. Tina vart stadig meir kjend etter å ha sunge solo på TV-show som American Bandstand og Shindig!, medan heile bandet spelte på show som Hollywood A Go-Go, The Andy Williams Show og seint i 1965 i konsertfilmen The Big T.N.T. Show.
Gjennombrot I 1965 såg Phil Spector ein konsert med Ike & Tina i Los Angeles og prøvde å få arbeide med Tina. Spector kom fram til ein avtale med Ike, der Ike fekk 20 000 dollar i forskot for å halde seg borte frå studio.Richard Williams, Med Spector spelte Tina inn songen «River Deep - Mountain High», som kom ut i 1966 på Spector sitt selskap Philles. Spector rekna innspelinga, med den maksimale energien til Tina over ein symfonisk lyd, som det beste arbeidet hans. Han vart ein stor suksess på andre sida av Atlanteren, særleg i Storbritannia, der han nådde tredjeplassen på den britiske singellista, men gjekk ikkje høgare enn 88. plassen i USA. Spector var knust og signerte aldri igjen ein ny artist til Philles og produserte sjeldan igjen. Men innverknaden til singelen gjorde at Ike og Tina fekk spele som oppvarming for The Rolling Stones på den britiske turneen deira den hausten, og sidan i Europa og Australia. Dei fekk kontrakt med Blue Thumb Records i 1968 og gav ut bluesalbuma Outta Season og The Hunter. På Outta Season var ein versjon av Otis Redding sin «I've Been Loving You Too Long», som Tina vart nominert til Grammyprisen for i kategorien beste kvinnelege R&B-song. Suksessen med desse albuma førte til at the Revue stod øvst på plakaten i Las Vegas der showa deira vart sett av mange kjendisar, som David Bowie, Sly Stone, Janis Joplin, Cher, James Brown, Ray Charles, Elton John og Elvis Presley. mini|venstre|Turner i 1972. I 1969 vart the Revue meir kjende i heimlandet då dei varma opp for the Rolling Stones på den amerikanske turneen deira. I 1970 spelte dei på The Ed Sullivan Show. Suksessen til turneen førte til at the Revue fekk kontrakt med Liberty Records, der dei gav ut to album, Come Together og Workin' Together, i 1970 og 1971. Come Together gav duoen den første topp 40-singelen deira i USA med ein versjon av Sly and the Family Stone sin «I Want to Take You Higher». Come Together markerte eit vendepunkt i karrierane deira, der dei gjekk bort frå det vanlege R&B-repertoaret sitt til meir rockemusikk. Tidleg i 1971 vart versjonen deira av Creedence Clearwater Revival sin «Proud Mary» den største hitten deira, med ein fjerdeplass på Hot 100 i USA og over ein million selde eksemplar. Dei vann Grammyprisen for beste R&B-song av ein duo eller ei gruppe. Seinare i 1971 selde konsertalbumet deira, What You Hear Is What You Get, frå ein konsert i Carnegie Hall, til gullplate. I 1972 bygde Ike Turner studioet Bolic Sounds, nær heimen deira i Inglewood. Etter Liberty vart kjøpt av United Artists Records, hamna duoen på denne etiketten og gav ut ti album i løpet av tre år. Den siste store hitsingelen til duoen var «Nutbush City Limits», som kom ut i 1973. Denne nådde 22. plassen på Hot 100 i USA og nådde fjerdeplassen i Storbritannia. I 1974 gav Tina ut det første soloalbumet sitt, Tina Turns the Country On!, som ho fekk ein Grammy-nominasjon for.
Det året reiste Tina til London for å delta i filminga av rockemusikalen Tommy, der ho spelte The Acid Queen, og song songen med dette namnet. Turner vart kritikarrost for framføringa si. Kort tid etter filminga var over, var Turner med Ann-Margret på TV-programmet hennar i London. Ho reiste attende til USA og fortsette karrieren sin med the Revue. Etter utgjevinga av Tommy, kom Turner med eit nytt soloalbum, Acid Queen, i 1975.
Slutten for duoen