Kaminuma Bluff er ein bratt, isdekt skrent med ei høgd på over 200 m nær kysten søraust på Ross Island. Skrenten ligg halvvegs mellom Cape Mackay og Cape Crozier. Etter forslag for P.R. Kyle vart han namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2000) etter Katsutada Kaminuma ved Det nasjonale polarforskingsinstituttet i Japan, som var med på å starte dei internasjonale seismiske studiane av Mount Erebus (IMESS), 1980-81 til 1986. det var eit felles prosjekt mellom USA, Japan og New Zealand. Kaminuma leia den japanske avdelinga og fortsette arbeidet i Antarktis sør på Mount Erebus i mange år.

Kjelder

Kategori:Klipper på Ross Island