Woodrow Tracy Harrelson (), kjend som Woddy Harrelson, er ein amerikansk fjernsyns- og filmskodespelar. Han vart kjend for rolla som Woody Boyd i situasjonskomedien Cheers på 1980-talet. Mellom dei best kjende filmrollene hans er Mickey Knox i Natural Born Killers, Larry Flynt i The People vs. Larry Flynt og Dusty i A Prairie Home Companion. Harrelson er Emmy-løna og han vart nominert til Oscar for rolletolkinga si i filmen om Larry Flynt.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Texas Kategori:Folk frå Ohio