Towle Valley er ein djup dal som tidlegare var dekka i enden av Towlebreen, og som ligg like vest for Towlebreen i Convoy Range i Victoria Land. Han vart kartlagt i 1957 av den nordlege landmålingsgruppa frå New Zealand under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) og vart namngjeven av dei etter USNS «Private John R Towle», eit amerikansk fraktefartøy som førte store delar av forsyningane til newzealendarane sørover i desember 1956.

Kjelder

Kategori:Dalar i Victoria Land Kategori:Scott Coast