Melodi Grand Prix 2014 var den 52. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 15 songar deltok i tre delfinalar, og av desse kom ni til finalen 15. mars 2014 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «Silent Storm», framført av Carl Espen. Songen er skriven av Josefin Winther. Carl Espen representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2014 i København, der han kvalifiserte seg via andre semifinale. I den internasjonale finalen enda «Silent Storm» på 8. plass med 88 poeng.

Sendingane Dette året endra NRK på delfinale-konseptet som var blitt brukt sidan 2006. Delfinalene rundt om i landet ble fjerna, i staden arrangerte NRK tre semifinalar i Oslo helga før finalen.«Ingen MGP-delfinaler neste år». NRK. 6. mai 2013. Besøkt 2. januar 2014. Semifinalane fann stad i Folketeateret i Oslo fredag 7. mars, laurdag 8. mars og sundag 9. mars.

NRK arrangerte ein open konkurranse med frist for innsending 15. september 2013.«Rules for Melodi Grand Prix 2014» . NRK. Besøkt 2. januar 2014. Rundt 600 bidrag kom inn, og ei såkalla lyttargruppe plukka ut 15 av dei til å delta i Melodi Grand Prix. Lyttargruppa bestod av musikkansvarleg Vivi Stenberg, Marie Komissar, Tarjei Strøm, Kathrine Synnes Finnskog og Gisle Stokland.Riise, Hege Bakken (4. desember 2013). «– Her er det mange potensielle hitlåter!». nrk.no.

Det var fem songar i kvar semifinale, og tre gjekk vidare til finalen frå kvar semifinale. Dermed var det ni songar i finalen i Oslo Spektrum laurdag 15. mars. Som året før var Jenny Skavlan og Erik Solbakken programleiarar, og NRK produserte alle sendingane sjølv.«Slik blir Melodi Grand Prix 2014». NRK. 5. desember 2013. Besøkt 2. januar 2014.«Melodi Grand Prix Finale 2014». oslospektrum.no. 6. desember 2013. Besøkt 2. januar 2014.

Artistane blei presenterte under ein pressekonferanse 27. januar 2014, og der blei også smakebitar av låtane offentleggjort. Dei fleste artistane var ukjende og ferske andlet for publikum. Dei mest kjende var rockebandet El Cuero, Linnea Dale som deltok i TV 2 Idol i 2007 og Mohamed Abdi Farah, betre kjend som Mo frå X Factor i 2010 på same kanal.

Låtane blei slopne først 19. februar, og sjåarane kunne følgje artistane sine førebuingar fram mot semifinalane gjennom videoar som NRK la ut på nettstaden til Melodi Grand Prix.«– Denne musikken vil prege 2014». NRK. 27. januar 2014. Besøkt 27. januar 2014.

Resultat i finalen

Første runde Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus 1 «Ain't No Love in This City No More» El Cuero Brynjar Takle Ohr og Brynjar Takle Ohr, Øyvind Blomstrøm og Håvard Takle OhrUplassert 2 «Sole Survivor» Elisabeth Carew Elisabeth Carew, David Eriksen, og Uplassert 3 «Taste of You» Magnus HængsleHængsle og Jenny MoeGullfinale 4 «Needs» Dina Misund Dina MisundUplassert 5 «Heal» Mo Laila SamuelsenGullfinale 6 «High Hopes» Linnea Dale Linnea Dale og Kim Edward BergsethGullfinale 7 «Hit Me Up» Charlie , og Uplassert 8 «Silent Storm» Carl Espen Josefin WintherGullfinale 9 «High Hopes» Oda og Wulff Christer WulffUplassert

Gullfinale Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarRøysterPlass 3 «Taste of You» Magnus HængsleHængsle og Jenny Moe27 7574 5 «Heal» Mo Laila Samuelsen37 4053 6 «High Hopes» Linnea Dale Linnea Dale og Kim Edward Bergseth39 0862 8 «Silent Storm» Carl Espen Josefin Winther53 7121

Røysting i finalen Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei offentleggjort i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av sjåarane sine SMS-røyster. Det var ikkje mogleg å ringje for å røyste dette året. NRK droppa også fagjuryane, og i staden blei heile resultatet avgjort av sjåarane, for første gong sidan 2007. Røystene blei delte i fem geografiske regionar ut frå kvar i landet dei blei sende frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed mottatte SMS-røyster.«Melodi Grand Prix 2014 – Finale (del 2:2)». Norsk rikskringkasting. 15. mars 2014. Besøkt 14. august 2016.

Nr.Tittel Austlandet Nord-Noreg Midt-Noreg Sørlandet Vestlandet Totalt 3 «Taste of You» 17 440 1 805 3 083 2 039 3 390 27 757 5 «Heal» 23 615 3 021 3 181 3 714 3 874 37 405 6 «High Hopes» 22 746 3 304 3 484 4 832 4 720 39 086 8 «Silent Storm» 23 264 4 697 4 397 4 812 16 542 53 712

Semifinalane

Semifinale 1 Folketeatret, Oslo, fredag 7. mars 2014 Nr. Tittel Artist KomponistTekstforfattar Plass Status 1 «Best Friend's Boyfriend» Hilda og Thea Leora , og UplassertUte 2 «Heal» Mo Laila Samuelsen 1Finale 3 «Needs» Dina Misund Dina Misund 3Finale 4 «High Hopes» Linnea Dale Linnea Dale og Kim Edward Bergseth 2Finale 5 «Frozen By Your Love» og Frikk Heide-Steen med Ida Stein UplassertUte

Semifinale 2 Folketeatret, Oslo, laurdag 8. mars 2014 Nr. Tittel Artist KomponistTekstforfattar Plass Status 1 «Hele verden» Cir.Cuz Mats Melbye og Thomas Pedersen UplassertUte 2 «Right Now» Martine Marbel Martine Marbel og Martine MarbelUplassertUte 3 «Sing» Oda og Wulff Christer Wulff 2Finale 4 «Taste of You»Knut Kippersund Nesdal Magnus HængsleHængsle og Jenny Moe 1Finale 5 «Hit Me Up» Charlie , og 3Finale

Semifinale 3 Folketeatret, Oslo, sundag 9. mars 2014 Nr. Tittel Artist KomponistTekstforfattar Plass Status 1 «Bensin» UplassertUte 2 «Ain't No Love in This City No More» El Cuero Brynjar Takle Ohr og Brynjar Takle Ohr, Øyvind Blomstrøm og Håvard Takle Ohr 2Finale 3 «Who Needs the Universe?» Ilebek Andreas IhlebækUplassertUte 4 «Sole Survivor» Elisabeth Carew Elisabeth Carew, David Eriksen, og 3Finale 5 «Silent Storm» Carl Espen Josefin Winther 1Finale

Hendingar Det nye delfinalekonseptet dette året møtte sterk kritikk i pressa. NRK blei skulda for å ha fjerna all glitter og stas og rett og slett øydeleggje tevlinga.Talseth, Hegseth, Hovland og Alvsing, Thomas, Morten, Kirsti og Felicia (11. mars 2014). «– NRK har ødelagt Melodi Grand Prix». VG Nett.Riise, Hege Bakken (11. mars 2014). «MGP – Programmet alle elsker å hate». nrk.no. Semifinalane blei ingen stor sjåarsuksess med høvesvis 641 000, 644 000 og 551 000 sjåarar. Dette var dei lågaste sjåartala for delfinalar i Melodi Grand Prix nokon gong.Marthinussen og Due, Linn-Christin og Axel (10. mars 2014). «Nye Melodi Grand Prix ga laveste seertall noensinne». Dagbladet.no. Under delfinalane i Folketeatret var det også fleire hundre ledige sete.Skogrand og Nordseth, Merete og Paal (9. mars 2014). «Flere hunder seter står tomme under MGP-delfinalen». Dagbladet.no.

NRK prøvde å møte kritikken ved å lage ein «jakta på det forsvunne glitteret»-sketsj som opna finalesendinga. Tidlegare Melodi Grand Prix-artistar som Jørn Hoel og Åge Sten Nilsen deltok i sketsjen. Likevel klarte heller ikkje finalen å trekkje det store publikummet, berre 755 000 såg sendinga frå Oslo Spektrum. Det er det lågaste talet sidan dei moderne tv-metermålingane starta i 1992.Henriksen, Arve (17. mars 2014). «Krisetall for MGP». Aftenposten.no. Vinnarlåten fekk mykje ros i pressa, men blei ingen salssuksess. «Silent Storm» kom aldri inn på VG-lista, og det var første gong sidan 2007 at ein norsk vinnarlåt ikkje hamna på hitlistene i Noreg.Talseth, Thomas (4. april 2014). «Grand Prix-vinner Carl Espen flopper». VG Nett.

Kritikken og dei låge sjåartala gjorde at NRK vraka semifinalane året etter, og sidan har Melodi Grand Prix berre bestått av ei, stor finalesending.

Kjelder

Kategori:Melodi Grand Prix 2014 Kategori:2014 i Noreg Kategori:Musikk i Oslo Kategori:Musikktevlingar i 2014