Junction Valley er ein dal som heller austover frå Echo Pass til Hestesletten på vestsida av Cumberland East Bay på Sør-Georgia. Namnet Junction Valley vart opphavleg gjeve av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld i 1901–04, til ein dal som gjekk mellom Cumberland East Bay og Cumberland West Bay. Toppen av denne dalen vart seinare kalla Echo Pass. Det originale namnet er derfor avgrensa til den austlege delen av dalføret, medan Sphagnum Valley vert nytta om den vestlege delen.
Kjelder
Kategori:Dalar i Sør-Georgia