mini|Flaske med luktesalt, brukt for å vekka opp tannlegepasientar etter ein operasjon.

Luktesalt er kjemiske stoff med skarp lukt som blir brukt til å gjenvekka medvit gjennom luktesansen. Luktesalt kan ofte innehalda salt som hjortetakksalt eller ammoniumkarbonat. I England var «luktesalt» gjerne ei blanding av konsentrerert eddiksyre og kaliumsulfat.

Tidlegare blei luktesalt mykje brukt i samband med besviming. Folk kunne bera dei med seg i ei lita lukteflaske eller eske. I nyare tid er dei blitt brukt ein del av idrettsutøvarar som boksarar og vektløftarar for å spora dei til innsats.

Kjelder

Luktesalt (14. februar (2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 28. februar 2014.

«Luktsalt», Nordisk familjebok (1912) ved Project Runeberg

Kategori:Medisinhistorie Kategori:Blandingar Kategori:Lukt