Harvey Cirque er ein dalbotn med ein liten isbre mellom Scheuermann Spur og Corell Cirque i den sørlege delen av Darwin Mountains i Antarktis. Dalbotnen ligg langs det omfattande Prebble Icefalls som gjev noko is til toppen av botnen. Det går noko is frå dalbotnen til Hathertonbreen. Han vart kalla opp etter geologen Ralph P. Harvey frå Case Western Reserve University i Cleveland i Ohio, som var med i United States Antarctic Program si leiting etter meteorittar i Antarktis (ANSMET) i Dei transantarktiske fjella i mange somrar frå 1992 til 2001.
Kjelder
Kategori:Dalbotnar i Oates Land