Breakbones Plateau er eit lite lavaplatå like nord for Chimaera Flats på Candlemas Island i Sør-Sandwichøyane. Det er eit interessant biologisk område med mange små fumaroler og vegetasjon kring desse. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1971 og syner både til vanskane med å reise og fordi det var store koloniar med kjempestormfuglar (Macronectes giganteus) her, som på engelsk stundom vert kalla «Breakbones».

Kjelder

Kategori:Platå på Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane