Arnt Møglestue () var ein norsk tollar og stortingsmann frå Valle i Vest-Agder.

Møglestue vart fødd i Valle, der far hans var sokneprest. Sjølv reiste han til København og vart student i 1787. Sidan arbeidde han som undertollbetjent i Odense og deretter var han toll- og kryssbetjent på Merdøya ved innseglinga til Arendal. I 1801 fekk han stilling som toll- og «konsumtioninspektør» i Stavanger, ein posisjon han hadde til han døydde der vinteren 1823.

Møglestue vart sommaren 1814 vald til å vere byen Stavanger sin representant på det fyrste ordentlege Storting.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Folk frå Valle