Audun André Sandvik () er ein norsk cellist, fødd og oppvaksen i Bergen. Han spelar på ein cello som vart bygd i Roma i 1695 av Giorgio Tangingardo.
Audun André Sandvik har studert ved Norges Musikkhøgskole, der han mellom anna hadde Truls Mørk til lærar. I 2005 kom Sandvik til Det Norske Kammerorkester som stipendiat, og utvikla seg raskt til å bli solo-cellist i orkesteret. Han avslutta diplomstudiet sitt ved musikkhøgskulen i 2007. I tillegg til å undervisa ved skulen, er han i dag solo-cellist i både kammerorkesteret og Kringkastingsorkesteret, og han fungerer som kunstnarisk leiar for Gloppen Musikkfest i Sandane.
Prisar og utmerkingar
I 2000 vann han ei prestisjetung solisttevling ved Indiana University i USA og fekk utøvardiplom av Janos Starker. I 2013 vann han De Unges Lindemanpris (50 000 kr).
Kjelder
Lindemans Legat, 11.10.13: Cellist får De Unges Pris
Fotnotar
Bakgrunnsstoff http://www.audunsandvik.com
Kategori:Norske cellistar Kategori:Musikarar frå Bergen