Ole Nilsen () var ein norsk målarmeister og stortingsmann frå Skoger i Buskerud.
Nilsen var fødd i Sigdal prestegjeld, og voks frå 1811 opp på garden Gulliksrud i Skoger, der far hans var forpaktar. Sidan kjøpte faren garden Pettersvoll i Konnerud, også den garden låg i dåverande Skoger. Nilsen sjølv busette seg i Drammen by, der han gifta seg med tømrardottera Maren Tollefsdatter, saman fekk dei sju søner og ei dotter. Nilsen var målar, arbeidde seg opp til målarmeister.
I 1851 var Nilsen 3. representant for Drammen på Stortinget. Han var då medlem av Lagtinget og av tollkomiteen.
Nilsen døydde i Drammen under koleraepidemien 1854, 46 år gammal.
Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Folk frå Drammen