Halley-stasjonen er ein stasjon driven av British Antarctic Survey på Bruntisen som flyt på Weddellhavet i Antarktis. Stasjonen vert nytta til å studere jordatmosfæren. Målingar frå Halley førte til at ozonholet vart oppdaga i 1985.

Historie Halley vart opna i 1956, for Det internasjonale geofysiske året i 1957-58, av ein ekspedisjonen frå Royal Society. Bukta der ekspedisjonen valde å setje opp basen vart namngjeven Halley Bay, etter astronomen Edmond Halley. Namnet vart endra til Halley i 1977 sidan den opphavlege bukta hadde forsvunne etter endringa i isbremmen.

Bygningen Det har vore fem Halley-basar så langt. Dei første fire vart alle gravlagd i snøen som samla seg opp og knust av isen, slik at dei ikkje lenger vart mogeleg å nytte. Forskjellige konstruksjonsmetodar er prøvd ut, frå uverna trehytter til ståltunnelar. Halley V har hovudbygningane bygde på stålplattformer som vert heva kvart år over overflata.

Ein arkitektkonkurranse vart utlyst av RIBA Competitions og British Antarctic Survey i juni 2004 for eit nytt design for Halley VI. Mange deltok og i juli 2005 vart vinnaren kåra, Faber Maunsell and Hugh Broughton Architects. Strukturen er heva opp på stålbein for å hindre snøoppsamling, men i motsetnad til Halley V har beina ski, som gjer at ein kan flytte bygningane på snøen.

Halley VI vart bygd i Cape Town i Sør-Afrika av eit sørafrikanske konsortium.Petrel Engineering http://www.petrel.co.za/content.asp?PageID=1038&buster=2011%2F01%2F07+03%3A39%3A24+PM Henta 16. mars 2014BAS Web site http://www.antarctic.ac.uk/living_and_working/research_stations/halley/halleyvi/ Henta 16. mars 2014 Dei første seksjonane vart frakta til Antarktis i desember 2007 og han stod ferdig i desember 2011.

På grunn av ein stor sprekk i isen som truge med å avskjera stasjonen frå hovudisen avgjorde British Antarctic Survey at dei skulle flytta Halley VI til ein ny stad sommaren 2016-2017. Basen blei flytta 23 km lengre inn frå sprekka.

Ein ny sprekk oppdaga 31. oktober 2016 førte til vidare uro, og BAS annonserte at dei ville evakuera staben sin frå staden i mars 2017 og halda dei unna gjennom den antarktiske vinteren.

Miljø Temperaturane stig sjeldan over 0 °C på Halley, og temperaturar kring -10 °C er vanlege på solrike sommardagar. Om vinteren er temperaturen typisk under -20 °C men stundom ned til kring -55 °C.

mini|Polarlys over Halley 5 vinteren 1998

Vinden bles hovudsakleg frå aust og kraftig vind fører ofte til snøfokk som reduserer sikta til nokre få meter.

Skildring Om vinteren held vanlegvis 15 personar til på basen. Gruppa er vanlegvis isolert frå omverda frå slutten av februar til dei første flya når fram tidleg i november. Om sommaren, frå seint i desember til seint i februar, er det opp til 70 personar på basen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Halley Research Station» frå , den 16. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff British Antarctic Survey BAS om Halley-stasjonen COMNAP

Kategori:Utpostar i Coats Land Kategori:Britisk Antarktis