Dag Fornæss () er ein norsk tidlegare skeiseløpar og fotballspelar frå Hamar. I 1969 vart han både norsk, europeisk og verds-meister på skeiser. Han forsvarte noregsmeistertittelen i 1970 og 1971 og tok sitt andre europeiske meisterskap i 1971. Fornæss representerte Hamar Idrettslag på skeisebanen og Skeid på fotballbanen. Matematikaren John Erik Fornæss er ein eldre bror.

Aktiv Skøyter Fornæss slo gjennom under NM 1969 på Lillehammer. Utan å vinne ein einaste av dei fire distansane tok han ein suveren siger, over eitt tidspoeng framom Magne Thomassen. Eit par veker seinare vart han europameister i tyske Inzell, heller ikkje der vann han nokon enkeltdistanse. Han fullenda sesongen med å verte verdsmeister i Deventer, også då utan å vinne ein distanse.

I 1970 vart Fornæss norsk meister på ny, då etter å ha vunne begge dei lengste distansane. Under EM 1970 kjempa han ein drabeleg kamp om EM-tittelen mot nederlendaren Ard Schenk, og trass i at han gjekk ein framifrå 10 000 m som han vann på tida 15.42,9, mangla han 1,8 sekundar på å innhente Schenk sitt forsprang frå dei tre tidlegare distansane. I VM 1970 på Bislett stadion i Oslo enda Fornæss på femteplassen. År 1970 vart elles den aller fyrste noregsmeisterskapen i skeise-sprint avvikla. Magne Thomassen frå Trondheim vann på heimebane, føre nettopp Dag Fornæss som sigra på den fyrste 500-meteren.

Fornæss tok sin tredje strake NM-tittel i 1971 på Melløs stadion i Moss. Her vann han ein klar siger, som året før vart Roar Grønvold nummer to. Også under europameisterskapen i Heerenveen imponerte Fornæss, med klare sigrar på både 5 000 m og 1500 m slo han toaren Ard Schenk med godt over eitt tidspoeng. Distansiger på 500 m under VM i Göteborg borga for at Fornæss skulle ta tilbake VM-tittelen, men svakare løp i resten av meisterskapen gjorde at han enda på fjerdeplass, over fire tidspeong bak den suveren vinnaren, Ard Schenk.

I 1972 vart Fornæss nummer to i NM, slått av Roar Grønvold. Grønvold vart også beste nordmann under EM med sin andreplass, Fornæss vart nummer fem. Under sprint-NM slo Fornæss opp ein gammal lyskestrekk og fekk resten av sesongen nærast spolert. Han satsa mykje på å kome i form til OL i Sapporo, men vart berre nummer 13 på både 1500 m og 10 000 m. Det vart hans avskjed med skeiseidretten.

Ymse Fornæss var aktiv fotballspelar på toppnivå for Skeid i 1970-72.

Fornæss vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje, Oscarstatuetten og Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnavn» i 1969.

Kjelder

Alt om skøyter, aktuelle årgangar. Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Folk frå Hamar