mini|Sukkerbete
Sukkerbete eller sukkerroe er ein plante i beteslekta i amarantfamilien med høgt sukkerinnhald i rota som gjer at han kan brukast til å framstilla sukker. Sukkerbete er ein varietet av Beta vulgaris, som raudbete og mangold, og stammar frå strandbete.
mini|venstre|Botanisk skisse av sukkerbete.
Rota er kvit, kjegleforma og ofte greina. Ho sit djupt og fast i jorda, ettersom ho er danna mest av den eigentlege rota til plante og ikkje hovusakleg av stengeldelar, som hos andre varieteter. Rota til beten inneheld opptil 20 % sukker. Det høge sukkerinnhaldet blei først oppdaga i 1747. Den første sukkerroefabrikken kom i drift i Tyskland i 1802.
Sukkerbete blir særleg dyrka i Mellom-Europa, men også i Danmark og Sør-Sverige. I Noreg blei planten dyrka ein del under andre verdskrigen, men dyrkinga er ikkje lønsam i Noreg.
Sjå òg Fôrsukkerbete
Kjelder
«Sukker» (18. desember 2012), Store norske leksikon. Henta 25. mars 2014. «Sukkerbete» (31. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. mars 2014.
Bakgrunnsstoff Sugar beet - White sugar , agribusiness handbook (engelsk)
Kategori:Beteslekta Kategori:Amarantfamilien