′Ayn al-Fijah (arabisk عين الفيجة, òg skrive Ain al-Fijeh og Ein Al Fejeh) er ein liten by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, kring 25 km sørvest for Damaskus. I nærleiken ligg Dayr Miqrin i vest, al-Zabadani i nordvest, Basimah i søreast og Qudsaya i sør. I 2004 hadde landsbyen 3806 innbyggjarar..%20web %20site/General_census/census_2004/NH/TAB03-28-2004.htm General Census of Population and Housing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. Byen er det administrative senteret, men ikkje den største byen, i Ayn al-Fijah nahiyah («underdistrikt»), som består av seks stader og ein samla folkesetnad på 19 584.

Kjelde Byen vart bygd kring Ayn al-Fijah-kjeldene, som er opphavet til elva Barada som gjer ferskvatn til Damaskus. I det første hundreåret evt. bygde romarane eit tempel ved Ayn al-Fijah.Skildring av Ayn al-Fijah . Archnet Digital Library. I 1907 bygde osmanske styresmakter det første reine vassrøyranlegget ved kjeldene.Doumani, 2007, s. 125. I 1924 starta den syriske forretningsmannen Lutfi al-Haffar og Abd al-Wahab al-Qanawati selskapet Ayn al-Fijah, som nytta vatn frå kjelda til kunstig vatning.Moubayed, 2006, s. 235. Tidleg på 1900-talet var selskapet eit av dei mest lønsame og innovative i Damaskus.Moubayed, 2006, s. 450-451.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ayn al-Fijah» frå , den 27. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Qudsaya-distriktet Kategori:Byar i Syria Kategori:Kjelder i Syria