Ras Ibn Hani (arabisk رأس ابن هاني) er eit lite nes som ligg 8 km nord for Latakia i Syria ved Middelhavet. Det er ein viktig arkeologisk stad som var busett nesten kontinuerleg frå seint i bronsealderen til bysantinsk tid.Cohen, 2006, s. 124 Staden er no ein stor feriestad kalla Cote d'Azur.
Historie Kyststaden ligg berre to timars gåtur frå bronsealderstaden Ugarit, og overlevde så vidt kollapsen til Ugarit mot slutten av bronsealderen.Fox, Travelling Heroes in the Epic Age of Homer, 2008:91. Staden er identifisert staden grekarane kalla Betyllion,John Malalas Chronicon (11.3) skriven på 500-talet fvt., som har forma Bytyllion.
Spor ved leirstaden indikerer at busetnaden ved Ras Ibn Hani vart folkesett på by av ptolemeiarar på midten av 200-talet fvt., etter den tredje syriske krigen. Som følgje av krigen tok egyptarane over Selvkia Pieria. Ein trur at for å verne Selvika Pieria frå Laodicaea (Latakia), som vart kontrollert av Selevikide-dynastiet grunnla Ptolemaios III ein busetnad ved Ras Ibn Hani. Denne busetnaden var visstnok kortliva. Spora indikerer at han forsvan etter andre halvdelen av det første hundreåret fvt. etter at Det ptolemeiske kongedøme mista kontrollen over området. Robin Lane Fox skriv at Trajan gjekk i land på denne staden for å nå troppane sine i Syria under det lagnadstunge mesopotamiske felttoget i 114–117 fvt.
Arkeologiske funn Arkeologiske funn indikerer at det var ein hellenistisk busetnad her, men namnet og kva tid han vart grunnlagd er ikkje kjend, og han er heller ikkje nemnd i kjeldene. Det er funne minst 512 hellenistiske myntar. Kring 170 ptolemaiske myntar er datert frå regjeringtida til Ptolemaios II, Ptolemaios III og Berenike, 309—80 fvt. Ein har òg funne ein inskripsjon som er datert til andre halvdel av 200-talet fvt. med ei liste over ptolemaiske leigesoldatar.
Sjå òg Minet el-Beida Ugarit
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ras Ibn Hani» frå , den 29. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bibliografi
Kategori:Tidlegare busetnader i Syria Kategori:Greske stader i Syria Kategori:Nes i Syria Kategori:Ugarit Kategori:Bronsealderstader i Syria Kategori:Arkeologiske funn i Latakia guvernement