HbA1c eller glykosylert hemoglobin A1c er ein markør for nivået av glukose i blodet (blodsukkeret). Normalområdet for HbA1c ligg mellom om lag 4 % og 5,9 %.
Glukose bind seg til ein spesifikk bindingsstad på hemoglobin i dei raude blodcellene (erytrocyttane) i ei irreversibel binding gjennom heile levetida til dei raude cellene, om lag tre månader. Mengda av glukose som er bunden til hemoglobin står i høve til konsentrasjonen av glukose i blodet, og kan målast ved laboratorieanalysar.
Personar med dårleg regulert diabetes mellitus har ofte høgare nivå av HbA1c enn det som er vanleg. Ein diabetikar med godt regulert blodsukker har eit HbA1c-nivå nær eller innanfor normalområdet (referanseområdet). Eit høgt nivå av HbA1c viser at reguleringa av sukkeret er dårleg.
Nivået av HbA1c er proporsjonalt med den gjennomsnittlege konsentrasjonen av blodsukkeret i ein periode på frå fire veker til tre månader, i praksis reknar ein dei siste seks til åtte vekene. (Somme endokrinologar meiner at hovuddelen av verdien skriv seg frå ein kortare periode; dei siste to til fire vekene før måling).
Ein litt grov samanheng mellom HbA1c og gjennomsnittleg blodsukker er vist i tabellen under:
HbA1C (%)Gjsn. blodsukker (mmol/L)<th align=center> 54,5 66,7 78,3 810,0 911,6 1013,3 1115,0 1216,7
Endokrinologar meiner no stort sett at HbA1c-verdiar under 6,5 % kan aksepterast og tyder på god kontroll;American College of Endocrinology: The AACE System of Intensive Diabetes Self-Management — 2002 Update «normalen» er på om lag 4-6 %. Det kan vera noko vanskeleg å samanlikna ulike måleresultat fordi:
Laboratorieresultat kan vera ulike avhengig av analyseteknikk.
Den biologiske variasjonen frå person til person kan vera opp til 1 % (dvs. to personar med det same gjennomsnittlege blodsukkeret kan ha HbA1c-verdiar med opp til 1% skilnad).
Referansar
The Glycated Hemoglobin Test MedlinePlus om HbA1c, kortfatta
Sjå òg Diabetes mellitus Hemoglobin
Kategori:Endokrinologi