Maysalun (arabisk skrift ميسلون) er eit fjellområde sørvest i Syria i austsida av Anti-Libanonfjella kring 12 kilometer vest for Damaskus i Rif Dimashq guvernement i ei høgd på 1090 meter over havet. Området ligg langs den gamle vegen mellom Damaskus og Libanon og har lenge vore kjend for sine khanar og stoppestader. Den næraste byen i området er al-Dimas.

Maysalun er kjend i syrisk historie som staden der den syriske krigsministeren Yusuf al-Azma nekta å gje etter for dei franske og engelske koloniplanane med å gje dei kamp.William Cleveland, A history of the Modern Middle East, Third Edition, s. 166. Kong Faisal av Syria valde å ikkje kjempe mot franskmennene og trekte seg attende, og fekk seidan eit kongedøme i Irak. Azma valde å kjempe og gjekk i strid mot franskmennene sjølv om han vistte at han var i undertal. Franskmennene gjekk inn i Syria for å danna ein koloni og dei kunstige grensene vart trekte med Sykes-Picot-avtalen i 1917.William Cleveland, A history of the Modern Midtausten, Third Edition, s. 167. Slaget vart ein avgjerande fransk siger som gjorde at dei kunne marsjere til Damaskus og starta delinga og koloniseringa av Syria.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maysalun» frå , den 30. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rif Dimashq guvernement Kategori:Fjellovergangar i Syria