Houla eller Houlasletta (arabisk الحولة, al-Ḥūlāh) er eit område som består av tre landsbyar i Homs guvernement sentralt i Syria, nordvest for byen Homs. Landsbyane, Taldou, Kafr Laha og Tell Dahab har kvar 25–30 000 innbyggjarar. Busetnaden er i røynda ein sunnimuslimsk by omgjeve av alawittlandsbyar. Mange av innbyggjarane i Houla-landsbyane er av tyrkisk opphav.Hartmann, 2012, s. 54.

Houla vart skildra på 1800-talet av den engelskmannen Eli Smith som eit lågtliggande landområde på austsida av al-Ansariyahfjella.Smith, 1841, s. 179. Ein av landsbyane, Taldou, ligg i utkanten av Houla. Den største landsbyen i Hoularegionen hadde over 20 000 innbyggjarar i 2004 og heiter Kafr Laha (arabisk كفرلاها).

Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Houla i 1226 under Ajjubide-dynastiet og skreiv at staden høyrte til Jund Hims (militærdistriktet Homs).

I mai 2012 vart dei to landsbyane Taldou og al-Shoumarieh utsett for ein stor massakre av sivile og stadige kampar mellom Den frie syriske armeen og Det syriske forsvaret.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Houla» frå , den 31. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Homs guvernement Kategori:Sletter i Syria