Språkkonsulentstillinga i NRK er ein institusjon for å følgje og forbetre språket i NRK.

Språket i NRK har alltid vore viktig i norsk språkpolitikk, og NRK har som statleg radio- og TV-kanal vore forplikta til å setje staten sin politikk ut i live. Den nye teljemåten er t.d obligatorisk for NRK-tilsette, og NRK sin politikk er at minst 25% av språket i sendingane skulle vere på nynorsk. Normalisert språkbruk skal også følgje normalen som til ei kvar tid er gjeldande for nynorsk og bokmål.

Språkkonsulenten har hatt ei dobbelt rolle i NRK: Å sjå til at språkpolitikken har vorte sett ut i live, og å vere faglege rådgjevarar i språklege spørsmål.

Tidlegare språkkonsulentar

Bokmål

1978 - 2000: Finn Erik Vinje 2000 - 2012: Ruth Vatvedt Fjeld

Nynorsk ... - 200: Sylfest Lomheim 2000 - 2012: Jon Peder Vestad

Frå språkkonsulent til språksjef

Frå og med 2012 vart stillinga lagt om, frå ei 20% stilling for eksterne konsulentar til ei fulltidsstilling for ein språksjef intern i NRK. Ragnhild Bjørge vart tilsett i den stillinga hausten 2013Nynorsk mediesenter: Ny språksjef i NRK.

Kjelder

Språkreglar i NRK frå 19.6. 2007 NRK går over frå ekstern språkkonsulent til intern språksjef

Kategori:NRK Kategori:Norsk språkpolitikk