mini|Mineralet vermikulitt. mini|Det gjennomsiktige mineralet muskovitt.

Eit mineral er eit naturleg uorganisk stoff som er danna i geologiske prosessar (òg omtala som mineraldannande prosessar) og som har ein definert krystallstruktur og ei bestemt kjemisk samansetjing. Så langt er meir enn 3 500 ulike mineral skildra, og fleire nye blir oppdaga kvart år. Studie av minerala blir kalla mineralogi. Mange mineral er viktige råstoff i kjemisk og metallurgisk industri, og blir da kalla industrimineral eller malm.

Den kjemiske samansetjinga kan variere frå reine grunnstoff (jf. gull og diamant) til komplekse samansetjinger (jf. silikata) som i visse tilfelle kan variere mellom kjende endepunktar i eit mineralsystem (t.d. feltspat-gruppa).

Følgjande karaktertrekk er ofte nytta til å bestemme kva for eit mineral ein har i hende:

Krystallstruktur Hardleik Brot og spalting Farge Strekfarge Glans Tettleik Magnetisme Radioaktivitet

Bakgrunnsstoff

Noregs geologiske undersøking Institutt for geologi og bergteknikk på Norges Teknisk-Naturvitenskapelege Universitet Institutt for geofag på Universitetet i Oslo Fossheim steinsenter Mindat.org - The mineral database Webminderal.com - Mineralogy database

Kategori:Mineralogi