As-Safira (arabisk السفيرة, as-Safīrah; nordsyrisk arabisk Sfīre) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Aleppo guvernement. Han er det administrative senteret for as-Safira-distriktet. As Safīrah har ei høgd på 348 moh., og ein folkesetnad på 106 382 i 2007, og han er den 11. største byen i Syria.

Namn Mellomaldergeografen Yaqut al-Hamawi skreiv namnet som Asfīrahle Strange, 1890, s. 400 (أسفيرة), ikkje as-Safira (السفيرة), som indikerer at den bestemte artikkelen i den moderne stavinga kjem av hyperkorreksjon.

As-Safira vart i før-islamsk tid kalla Sipri.Ball, Warwick (2006) «Deserts edges» Syria: A Historical And Architectural Guide Interlink Publishing Group, Northampton, Massachusetts, page 157, ISBN 1-56656-665-7 HistorikararNotably Dossin and Lewy, see Sasson, Jack M. (1966) «A Sketch of North Syrian Economic Relations in the Middle Bronze Age" Journal of the Economic and Social History of the Orient 9(3): s. 161–181, page 169, note 2 trur at namnet Sipri kan ha kome frå det akkadiske ordet siparru som tyder «bronse», noko som indikerer at det kan ha vore gruvedrift etter kopar og produksjon av bronse her.

Historie Sidan antikken har byen vore eit mellomledd i saltproduksjonen frå Sabkhat al-Jabbul som ligg i nærleiken.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Safira» frå , den 10. april 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i al-Safira-distriktet