Karl Amundsen () var ein norsk snikkar og forretningsførar frå Brandval i Hedmark, og politikar for høvesvis Arbeidarpartiet og kommunistpartiet (NKP).
Amundsen var fødd og oppvaksen på ein husmannsplass under garden Sjøndem i Brandval. Han gjekk i lære og vart bygningssnikkar i Kristiania, og budde så ei tid etter 1900 i Romedal der kona hans var frå. I 1904 busette han seg på Løten og arbeidde som bygningsmann til 1911, då han fekk arbeid som forretningsførar for sjukekassa i Løten og elles var «riksforsikringenes tilsynsmand».
Etter å ha vore med i styret i Hedmark Arbeidarparti i seks år, var han amtsformann i same frå 1912. Same året vart han vald til å representere einmannskrinsen Søndre Hedemarken på Stortinget. Vald inn for Arbeidarpartiet hadde han i 1913-15 sete i tollkomiteen. Ved stortingsvalet 1915 fekk han i andre valomgang 4 379 røyster, men tapte for Karl Wefring frå Frisinna Venstre som oppnådde 4 886 røyster. Både i 1921 og 1924 stilte Amundsen som kandidat ved stortingsval, i 1924 for det nyskipa Norges Kommunistiske Parti, begge gongane utan å nå opp.
Amundsen var kjend for å ha funne på avisnamnet Demokraten.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Folk frå Kongsvinger