Christian Sommerfelt () var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Saltdal.

Sommerfelt var son til ein prest, og vart student frå Møllers institutt i 1837. Han vart cand.theol. i 1842, studerte seinare samisk, tok eksamen ved universitetet i Christiania. Etter å ha fullført dei teologiske studiane var han huslærar hos soknepresten i Asker, før han i 1845 var lærar ved ein privatskule på Lillehammer. Åra 1847-49 underviste han ved ein «høiere» allmennskule i Ringebu. Frå 1850 til -59 var Sommerfelt sokneprest i Nesseby, sidan hadde han tilsvarande embete i Etne 1859-67, i Aurdal 1867-74, før han avslutta yrkeslivet med 20 års teneste som sokneprest i Trøgstad.

Sommerfelt var i 1854 4. representant til Stortinget frå Finmarkens amt. Han var då medlem av justiskomite nr 1. På Stortinget 1865-66 var han 5. representant for Søndre Bergenhus amt, medlem av gasjekomiteen.

Sommerfelt var mykje interessert i naturvitskap, og gjorde grundige botaniske studiar. Plantesamlinga si gav han til Universitetet i Oslo.

Han døydde i Kristiania.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Folk frå Saltdal