Ryan Dolan () er ein nordirsk songar og låtskrivar.
Eurovision The Late Late Show Eurosong 2013 22. februar 2013 deltok Dolan i The Late Late Show Eurosong 2013, den irske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Han framførte singelen «Only Love Survives» på engelsk, som han skreiv saman med Wez Devine. Songen vart fyrst presentert på radioprogrammet Mooney på RTÉ Radio 1 7. februar 2013. Bidraget vann med 112 poeng.
Eurovision Song Contest 2013 mini|Ryan Dolan med dansarane i bakgrunnen. Som vinnar av The Late Late Show Eurosong 2013 fekk Dolan representere Irland i Eurovision Song Contest 2013. Bidraget gjekk vidare frå den fyrste semifinalen, der det enda på åttandeplass med 54 poeng; sju frå Kypros, seks frå Russland og Storbritannia, fem frå Estland, Nederland og Litauen, fire frå Kviterussland og Belgia, tre frå Danmark, Ukraina og Sverige, to frå Kroatia og eitt frå Moldova. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med ei rangering på 7,61 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tiandeplass med ei rangering på 9,26. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på 26. og sisteplass med fem poeng; to frå Sverige og Kypros og eitt frå Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget 14. plass med ei rangering på 14,62 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 23. plass med ei rangering på 16,21. Dette var andre gong sidan 1990 at bidraget som starta sist i finalen òg enda på sisteplass.
På scena var òg to støttevokalistar; Leanne Moore og Alison Vard Miller, to dansarar som òg spelte bodhrán-tommar; Alan McGrath og Colm Farrell, og ein trommeslagar; Nick Bailey.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ryan Dolan» frå , den 16. april 2014.
Kategori:Britiske songarar Kategori:Britiske låtskrivarar Kategori:Folk frå Strabane Kategori:Eurovision Song Contest 2013-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2013-låtskrivarar Kategori:Irske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Irske Eurovision Song Contest-låtskrivarar