Khirbet Ghazaleh (arabisk خربة غزالة, òg skrive Khirbet Ghazalah) er ein by i Daraa guvernement, kring 17 kilometer nordaust for Daraa ved Da'el i vest og nær Izra' i nord. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Amman. I 2004 talte Statistisk sentralbyrå i Syria 16 240 innbyggjarar i Khirbet Ghazaleh.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.Smith, 1841, s. 151.

Historie

Det syriske opprøret i 2011 Innbyggjarane i Khirbet Ghazaleh deltok i demonstrasjonane mot dei syriske styresmaktene og tok imot Den frie syriske armeen (FSA) til opposisjonen under opprøra i 2011-2012. Den 14. november 2011 etter eit åtak frå FSA mot ein buss som førte tryggingspoliti, gjekk den syriske hæren til væpna åtak mot byen og 20 FSA-medlemmar, lokale soldatar og sivile mista livet. I følgje opposisjonsaktivistar i Khirbet Ghazaleh støytte FSA saman med den syriske hæren medan beduinar frå kringliggande landsbyar kom for å hjelpe innbyggjarane i byen.Oweis, Khaled Yacoub. Fighting in Syria kills 40 near Jordan border-activists . Reuters. 2012-04-05.

Den 18. mars 2012 øydela opposisjonssoldatar ein overføring på hovudvegen for å hindre tanks å kome inn i området. Det statseigde Syrian Arab News Agency (SANA) stadfesta bombinga av brua og estimerte kostnaden av øydeleggingane til over $5 million.Mroue, Bassem. Explosion near Syrian security building in Aleppo. The Associated Press. 2012-03-18.

Den 8. mai 2013 erobra den syriske armeen byen etter to månader med intens bombing, og fekk kontroll over den internasjonale hovudvegen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Khirbet Ghazaleh» frå , den 17. april 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Daraa-distriktet Kategori:Byar i Syria