MF «Rosendal», i dag MF «Bogøy i Tromsø», er ei bilferje bygt i mai 1956 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.

Ferja vart først sett inn i ruta Løfallstrand-Mundheim, men alt same året vart ho leigd ut til ruta Hatvik-Fusa for Det Midthordlandske Dampskibsselskab fram til 1961. Seinare gjekk ferja i rutene Leirvik-Halsnøy-Sunde (1966), Kvanndal-Utne-Kinsarvik (1967), Jondal-Tørvikbygd, Skånevik-Utåker-Matre og Jektevik-Flatråker-Nordhuglo (1978).

I 1979 vart ferja seld til Øygarden & Sotra Rutelag og omdøypt MF «Vestgar». Fram til 1985 var ho reserveferje for ruta Solsvik-Rongesund i Nordhordland, samstundes som ho gjekk i fraktruter i Øygarden og Askøy i 1979-1981.

Frå 1985 til 2007 vart ferja nytta som restaurantskip, losjiskip og til utflukter, med hamn ved Agasøster i Bømlo. I 2008 vart ferja selt til Tromsø, der ho fekk namnet MF «Bogøy i Tromsø», og vart nytta som husbåt.

Seint i 2010 vart ferja seld til Kristiansand, der ho vert nytta som ein del av eit ungdomsprosjekt. Ho ligg i dag ved Marviksbugta i Kristiansand.

Kjelder Skipet.no

Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Rogaland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1956 Kategori:Skip bygde ved Haugesund Mekaniske Verksted Kategori:1956 i Noreg